Send meg uforpliktande tilbod på energirådgjeving!
Teneste kan leverast i kommunane Kvam herad, Samnanger, Ullensvang, Eidfjord og Voss
Kva er energirådgjeving?
Litt forenkla kan ein seie at energirågjeving inneheld 2 element:
- Dokumentasjon av bustaden sin tilstand i høve energiforbruk til oppvarming
- Tiltaksliste med oppgraderingar som kan utførast for å redusere energiforbruk
Det vil bli utarbeidd offisiell energiattest for dagens situasjon, samt potensielt energimerke dersom alle tiltaka blir gjennomført.
Økonomisk støtte frå Enova
Me gjer spesielt merksam på at det ikkje er Kvammabygg som behandlar søknad om økonomisk støtte frå Enova. Alle tiltak og kostnader må vera betalt av deg som privatperson, og Enova stiller også fleire krav og tidsfristar som ein må innfri for å vere kvalifisert for støtte. Det er eigar (heimelshavar) som må stå for søknad om refusjon frå Enova. Du finn alt du treng å vita her: https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/
For å kunne motta støtte til energirådgjeving er det en føresetnad at energirådgiver engasjeres i ein tidlig fase, og er med i planlegginga.
Dersom planlagde og gjennomførte tiltak samla sett er tilstrekkeleg ambisiøse så kan bustadeigar også kunne motta støtte til oppgraderinga. Dette kan derfor sjåast på som en to-trinns prosess der energirådgjeving med stønad er trinn 1, og der stønad til oppgradering er trinn 2. Viser til illustrasjon sist i dette dokumentet.
Bustadeigar har rett til støtte til energirådgivning (trinn 1) uavhengig av om det blir søkt videre på støtte til oppgradering (trinn 2). Ikkje alle bustader egnar seg for eit ambisjonsnivå som kvalifiserer for støtte til oppgradering, og nokon bustadeigarar ynskjer å gjennomføre oppgraderingen over fleire år. Det vil uansett vere nyttig for bustadeigar å ha en god plan for oppgraderingsarbeidet.
Praktisk gjennomføring
- Etter aksept av tilbod får kunde oversendt link til nettside med skjema som må fyllast ut. Ein må oppgi ulike opplysningar knytt til bustaden, som mellom anna type oppvarming og energiforbruk
- Det blir gjort avtale om tidspunkt for befaring. Ei vanleg befaring tek om lag 1-2 timar, avhengig av storleik og kompleksitet på bustad.
- På sjølve befaringa går ein gjennom konstruksjonen i bustaden, og får så godt overblikk over bygg og tekniske installasjonar som mogeleg.
- Dersom byggtermografering er del av tilbodet, vil det bli etablert undertrykk i bustad med vifte montert i ytterdørsopning. Ein får då også dokumemtert bustaden sitt «lekkasjetall», som gir meir nøyaktig energiberekning og tiltaksrapport.
- Kunde får oversendt energiberekning og energimerke for dagens situasjon, samt tiltaksliste som kan nyttast som tilbudsgrunnlag mot utførande entreprenørar.
- Kunde søkjer sjølv om refusjon av kostnader hjå Enova, med grunnlag i dokumentasjonen i punkt 4. Storleik på refusjon som fylgjer:
- Energirådgjeving – 50% av kostnader inntil kr 5.000,-
- Energirådgjevng + byggtermografering – 50% av kostnader inntil 7.500,-

